Blei nummer åtte

21. januar 2012, kl.: 19:31 av Sivert Ole.

Daniel og Sveinung hadde ei ny grei gjennomkjøring i rally og blei nummer åtte i C-klassen i Torsby.

Daniel Holten og kartlestar Sveinung kom seg greitt gjennom rallyet i Torsby, og enda til slutt på ein åttande plass blant dei 21 C-førarane i klassen Volvo Original.
-Samarbeidet mellom meg og Sveinung fungerte betre og betre utover i dagen. og sjølv om det me kunne gått ut av vegen eit par plassar, kom me oss greitt inn igjen og vidare, seier Daniel. Litt problem var det likevel.
-På dei lengste strekka blei motoren for varm og me måtte slå av på tempoet.
Etter Mountain Rally sist helg og Finnskogvalsen i dag føler Daniel at han saman med kartlesar Sveinung har kome vidare i rallysporten.
-Spesielt i dag då me hadde meir kunnskap då me starta, samla me med oss mykje nyttig erfaring, og når me i tillegg kjem i mål med heil bil er det berre moro.

Kommentarar

Legg inn ein kommentar