Køyrer i Sverige
Daniel Holten set i dag kursen mot Torsby i Sverige for å køyre rallyet Finnskogsvalsen i morgon.
Rallyet går i Torsby, eit område som både Daniel Holten og kartlesar Sveinung Holten Leifsen kjenner godt.
-Eg har gått to år på skole i Torsby, mens Sveinung går der på tredje året, så me er begge godt kjent der, seier Daniel, og legg til at når dei stiller til start no har dei mykje meir kunnskap med seg, enn dei hadde sist helg då dei for aller første gong rulla ut frå startrampen i Gol for å delta i eit rally.
-Då var vi heilt blanke, og me kom ikkje skikkeleg inni det før dei to siste fartsetappane.
Finnskogvalsen, som rallyet i Torsby er kalla, går over fire fartsprøver laurdag, og denne gongen skal Daniel og Sveinung køyre i klassen Volvo Original.
-Stort sett heilt like biler i denne klassen, og med bra deltaking skal det bli moro å sjå korleis det kan gå. Målet er likevel som med greidde sist, å komme heilskinna til mål.
Kommentarar


