Avslutta med suksess

2. oktober 2011, kl.: 19:44 av Sivert Ole.

Johannes vart Vestlandsmester, Daniel nummer fem i EM-finalen i Tsjekkia og Sveiung nummer fem på Vikedal Motorbane.

For Johannes blei det plankekøyring fordi han alt var mester før finalen.
- Målet var nådd og det blei ikkje heilt optimalt i finaleløpet, seier han, som blei nummer fire.
For Daniel blei det ein skikkeleg opptur etter motgang i Østerrike og Polen.
- At det skulle bli A-finale, i tillegg til ei tredjetid i første omgang,  er heilt optimalt på slutten av sesongen.
Også Sveinung koste seg i ein leigd Ford Escort.
-Litt tekniske problemer under vegs, men eg kom meg til A-finalen og ei bra resultat, seier han, som enda på plassen bak Johannes i rallycross nasjonal.

Kommentarar

Legg inn ein kommentar